Wednesday, December 15, 2010

Kulturkampen

Av Guri Kulås, Klassekampen 15. december 2010

Filmen The Social Network fortel historia om Facebook. Nettsamfunnet starta som ein reiskap for å rangera sex appealen til kvinnelege Harvard-studentar. Skapt av ein forsmådd student, som nytta sitt teknologiske talent til å ta hemn over eks-jenta si spesielt og kvinner han ikkje hadde sjans på generelt. Med to og ein halv million brukarar berre i Noreg, omfattar Facebook i dag det meste, men som halvoffentleg debattforum har det halde på statusen som arena for sinte menn. I år fekk den nye nemninga «Facebook-høgre», om ei ueinsarta gruppe karar, sameint av sin motstand mot islamisme og norsk innvandringspolitikk og si støtte til USAs utanrikspolitikk - framført i ein aggressiv språkbruk.

Innan kulturfeltet fekk både desse meiningsgeneratorane drahjelp frå NRKs Hjernevask. Biologisme, presentert som sunn fornuft, er òg ein viktig del av den sjølvannonserte «kulturkampen» frå høgresida. Serien framførte ein fundamental biologisk kritikk av samfunns- vitskapane, som var framstilte som eit verktøy for venstrevridd ideologi. Difor tok programma også for seg tema som jamstelling, rus, vald og intellektuelle skilnader mellom menneskegrupper og kjønna, heller enn til dømes å drøfta empati og religion, slik dei kunne gjort. Serien lokka fagfolk frå biologi og medisin ut i det offentlege, med interessante bidrag frå forskingsfronten og nyanserande innlegg om samverknaden mellom arv og miljø. Mange av desse ville neppe kjend at interessa for naturvitskapleg forsking var stor nok til å ytra seg, om det ikkje hadde vore for Hjernevask. Men serien i seg sjølv og programskaparane, med Harald Eia som den mest profilerte, ytte ikkje sjølv noko til fagfeltet. Kanskje snevra dei det heller inn for offentlegheita, med den presentasjonen dei gav det?

For om fagkritikken var legitim, vart han overskugga av ønskjet om å hengja ut meiningsmotstandarar til spott og spe. Metoden samfunns- forskarane vart utsette for, var ikkje ulik den Harald Eia har nytta som komikar i Storbynatt. Hjernevask skulle konfrontera faglege maktposisjonar bygde på luftige teorifundament, men kven var den mektige i programmet? Ein komikar med enorm appell og tidsånda med seg, eller mediuvande forskarar, med størst gjennomslag i små akademiske miljø? Fritt Ord meinte Eias åtak frå landets mektigaste talarstol var verdig ein honnørpris. Kjende og anonyme nettdebattan- tar omfamna både Eia og Facebook-grunnleggar Mark Zuckerberg. Med eitt var det legitimt for bitre kvite heteromenn, som ikkje når opp i kampen om sex og makt, å elektronisk øsa ut sin frustrasjon over kvinner, svarte og andre (Staten). Kulturkampen gjekk definitivt høgresida sin veg i 2010.